arne

Sidan 1999 har Os kulturutvikling skipa til Os internasjonale skulptursymposium annakvart år.

Dette byrja med at kunstnaren Arne Mæland frå Os reiste til Carrara for å læra å arbeida med stein. Læremeisteren hans der, Boutros Romhein, hadde røynsle frå skulptursymposium, og ei mengd gode kontaktar. Vel heime igjen sette Mæland i gang med å førebu symposium i Os. Han samla rundt seg interesserte folk som kunne hjelpa til med å få dette til, og med stor dugnadsinnsats vart Skulptur 99, det fyrste skulptursymposiet i Os, skipa til. God hjelp fekk dei også frå Boutros, som ordna med marmor frå Carrara, kontaktar med kunstnarar og mykje røynsle og gode råd. Han var også ein av kunstnarane som deltok. Stiftinga Os kulturutvikling vart skipa for å stå for symposiet.

På symposiet i 1999 var det med tolv skulptørar frå til saman åtte land, av dei var det tre norske. Det vart rigga til eit hundre meter langt telt på fyllinga i Haugsnesfjæra, der Vindu mot fjorden no ligg. Der stod kunstnarane i nærkontakt med laksen som hoppa i Oselva i to veker og laga kvar sin skulptur. På symposia seinare har alltid kring halvparten av skulptørane vore nye, medan resten av dei har òg vore med tidlegare.

Dei tre følgjande symposia, i 2001, 2003 og 2005 vart haldne på same staden. Symposia i 2007, 2009, 2011, 2013 (i 2015 vart symposiet erstatta med utstilling), 2017, 2019 ( eit ordinært symposium og eit granittsymposium), 2021 og i 2022  eit granittsymposium. Desse gjekk føre seg i Vognhallen, ein 70 meter lang bygning som var vognhall for jernbanen som gjekk til Os frå 1894 til 1935. Her er det betre arbeidsforhold for kunstnarane, og 1 2017 fekk me på plass «Huset i huset». Der er ein del av Vognhallen bygd inn og blir nytta til utstilling og spiseplass for kunstnarane.

I 2001 vart det skipa til eit kurs for amatørar som ville læra å hogga i stein. To av deltakarane på symposiet, Boutros Romhein og Timothy Mark var lærarar, i tillegg til at dei laga sine eigne arbeid. Skulptørkurset har vore fast på alle symposia etter det. Under symposia i 2003 og 2007 vart det i tillegg skipa til kurs i oljemåling, med Anne Lise Gjøstøl som lærar. Galleri Oz har dessutan under kvart symposium hatt utstilling med arbeid av symposiedeltakarane.

Os internasjonale skulptursymposium er spesielt på fleire måtar. Frå fyrste stund har det vore eit viktig poeng at dette skulle vera ei kulturhending som vart lagt merke til i bygda. Symposiet går føre seg i Os sentrum, og folk har alltid fritt kunna gå mellom kunstnarane og kunstverka og sjå på arbeidet og på forandringa frå steinblokk til vakker skulptur. Såleis har ein også ynskt at dei tilreisande skulptørane skulle få del i det lokale livet. Dei har alltid vore innhyste hos familiar, og dei har vore inviterte med på ymse kulturhendingar. Dei som har vore fleire gonger har gjerne fått sin eigen Os-familie, som dei er vorte godt kjende med.

Det mest spesielle med vårt symposium har likevel vore måten skulpturane er selde på. Os kulturutvikling sel alle skulpturane på førehand, til privatpersonar og bedrifter i Os og elles i bergensområdet. Ingen av kjøparane veit kva skulptur dei får, eller kven som har laga han. Siste dagen vert alle skulpturane stilte ut, og ei loddtrekking avgjer kven av kjøparane som får velja skulptur fyrst. Slik held det fram til alle har valt. Til å byrja med var ikkje skulptørane veldig glade for denne måten å gjera det på, men dei har vel innsett at dette er noko av det spesielle med symposiet i Os.

Sidan 1999 har omlag 50 skulptørar frå heile verda delteke, og laga kring 75 skulpturar. Dei fleste skulpturane er laga i marmor, nokre i granitt eller andre steinslag. Mange av arbeida frå symposia er å finna ymse stader i Os. Mellom anna har Os kommune kjøpt fleire skulpturar. Desse kan ein finna ymse stader i bygda, til glede for fastbuande og tilreisande.