Vognhallen

Skulptursymposiet i Os held til i Vognhallen på Osøyro. Huset har ved fleire høve tent som kulturarena. Her har det vore konsertar i regi av Os blues- og jazzfestival, og i snart ti år har skulpturarbeidet og kursa i samband med skulptursymposiet vore lagde til Vognhallen. Vi vidareutviklar no Vognhallen som arena for kunst- og kulturhendingar.

Du kan lese meir om Vognhallen her.

Adressa vår er: Mobergsbakken 9, 5200 Os, Norge

  • Bakgrunn

    Os Internasjonale Skulptursymposium (stifta 1999) vert skipa av Os Kulturutvikling anna kvart år. Steinhoggarar frå heile verda samlast på Osøyro, tre mil sør for Bergen, for å skapa kunst og skulptur.

    For meir info om tilskipinga ta kontakt med
    Arne Mæland - epost: arnemae@online.no

    Vev-ansvarleg er Vidar Langeland -
    epost: vidar@fotos.no