Arkiv for april, 2017

Skulptursymposiet 2017

søndag, april 9th, 2017

26.juni 2017 er det igjen klart for symposiet på Os

Annakvart år, sidan 1999 har Os kulturutvikling skipa til Os internasjonale skulptursymposium, bortsett frå i 2015 då symposiet vart erstatta med ein skulpturutstilling. I 2017 kjem vi sterkt tilbake med nytt steinhoggarsymposium, denne gong og i nytt hus. Dei siste ti åra har symposiet halde hus i Vognhallen i Os sentrum, i vinter og vår, har ivrige ildsjeler i Os kulturutvikling og andre støttespelare, jobba dugnad for å få ferdig «Huset i huset». Vognhallen har no fått utstillingsrom  og fasilitetar som kjøkken, wc og lager. Symposiet varer frå 26.juni til 8.juli.

Leif Ragnar Tveit og Marianne Kramer ønskjer velkomen til skultursymposiet 26.juni.

Liste over kunstnarane som kjem til Os 2017

(klikk på namnet for å lesa meir om kvar enkelt):

Andrea Berni (Italia)
Isao Sugiyama (Japan)
Marton Varo (Ungarn/ USA)
Boutros Romhein (Syria)
Corrado Marchese (Italia)
Irene Giannaccini (Italia)
Karin Van Ommeren (Holland)
Silvio Corsini (Italia)
Naguib Moein (Egypt)
Knut Bryn (Norge)

Kommentarer er skrudd av for Skulptursymposiet 2017

Category Nyheter / Tags: /

Social Networks : Technorati, Stumble it!, Digg, delicious, Yahoo, reddit, Blogmarks, Google, Magnolia.

  • Bakgrunn

    Os Internasjonale Skulptursymposium (stifta 1999) vert skipa av Os Kulturutvikling anna kvart år. Steinhoggarar frå heile verda samlast på Osøyro, tre mil sør for Bergen, for å skapa kunst og skulptur.

    For meir info om tilskipinga ta kontakt med
    Arne Mæland - epost: arnemae@online.no

    Vev-ansvarleg er Vidar Langeland -
    epost: vidar@fotos.no