Kategoriarkiv: Nyheter

Auksjon

[singlepic id=130 w=320 h=500 float=left]By på ein engel

No kan du skaffa deg din eigen engel. Årets symposium held auksjon på ein av Butros Romhein sine marmorenglar, og bodrunden er open for alle.

Auksjonsengelen vart laga for nokre år tilbake, og er å rekna som mor til skytsengelen som Romhein nyleg laga til Oseana. Den delikate engleskapningen ruvar ikkje, men er venleg og stillferdig til stades i rommet.

Utropspris for arbeidet er kroner 20 000. Auksjonen er open fram til klokka 12:00 laurdag 9. juli.

Gje forpliktande bod til arnemae@online.no eller på mobil 907 92575 eller til gesi@online.no/mobil: 905 21 714.

Alle bod vert behandla konfidensielt. Vi oppdaterer heimesida vår kvar dag med sist  innkomne bod.