22 juni – 4 juli 2009 i Os, Noreg
Saturday, June 20th, 2009
På nytt skal meislar syngja og vinkelsliparar hyla i Vognhallen på Os. Denne gongen markerar me ti årsjubileum med det sjette internasjonale skulptursymposiet. Osingar og tilreisande kan oppleva fjorten dagar med kunst skapt i fjøresteinane på Osøyro ved Bjørnefjorden.
Skulptørar frå åtte forskjellige land skapar skulptur av kvar sin steinblokk. Laurdag 4. juli kl 14.00 trekk kjøparane lodd om skulpturane. Tidlegar symposier var i 1999, 2001, 2003, 2005 og 2007
Som før vert det også denne gongen, ved siden av symposiet, halde eit skulptørkurs for amatørar.
Nytt av året: Mattelt som servere KORTREIST mat, er åpent for alle.
Årets kunstnare:
Simona Bocchi Italia
Jo Kley Tyskland
Hwang Seeung Woo Korea
Renata Ruffilli Italia
Boutros Romhein Syria/Italia
Knut Hetleflåt Os/Norge
Knut Bryn Norge
Axel Peters Tyskland
Fabio Rebora Italia
Hany Fisal Egypt
Petre Petrov Bulgaria
Kursholder/kunstner: Eric Malou frå Togo
Comments Off
Category Nyheter / Tags: /
Social Networks : Technorati, Stumble it!, Digg, delicious, Yahoo, reddit, Blogmarks, Google, Magnolia.